Hytter

Frå den store overbygde terassen har du fantastisk utsikt over dalen, Jølstravatnet, Jostedalsbreen og mange omliggande flotte fjell.  Hyttene ligg i rolege og barnevennlege omgjevnader.  Her kan du vakne til fuglesongen om våren og sommaren.  Om vinteren kan ein gå på ski frå hyttedøra.
Hyttefeltet har gratis trådløst WIFI frå nytt fibernett.

Hytte 1 og 2 

Desse hyttene er 56m². I tillegg kjem ein stor møblert terrasse.

Hytte nr. 1 har to soverom med dobbelseng. Hytte nr. 2 har eit soverom med dobbelseng og eit med fire køysengar.  Hytte nr. 2 har vaskemaskin.
På badet med oppvarma flislagt golv er det WC og dusj.
I stova er her innmurt peisomn og TV. Utsikta ifrå sofaen er flott gjennom dei store vindauga.Her er og spisebord og stolar.

Kjøkenkroken er godt utstyrt med b.l.a. kjøleskåp, komfyr, oppvaskmaskin kaffitraktar og vasskokar.


Hytte 4

Denne hytta er 73m².  I tillegg har den ein stor møblert terrasse med flott utsikt. 

Her er tre soverom og hems.  Soveromma har to sengeplasser kvar.  Hemsen er best eigna til litt store born. Her er god plass til 2 stk.

Badet har filslagt golv med varme og er utstyrt med WC, dusj og vaskemaskin.

Kjøkenet er nytt i 2020 og godt utstyrt med  b.l.a. kjøleskåp, komfyr, kaffitraktar, vasskokar og oppvaskmaskin.

I stova er det TV og innmurt peisomn.