Langrenn

Det går ei lysløype forbi få meter bak hyttene så her kan ein ta på skia rett utfor døra. Her ligg og ein skileikbakke rett bak hyttene.  I Helgane og når det er stabile forhold i veka vert de køyrt løyper med vår nye trakkemaskin rundt Årdalen. Denne løypa er ganske flat og rundt ca 7km.  I tillegg vert det oft laga løyper til Legestøylen så då vert det totalt ca 10 km.

Hyttefeltet ligg på ein snøsikker plass så her er vanlegvis snø frå før jul til over påske. Her er og lite vind så det kan vere fint å gå på ski om det mykje vind på fjellet.

Fjellski og topptur

Ein kan gå direkte frå hyttene til fleire av fjelltoppane rundt.  Jølster er eit topptureldorado med mange flott fjell av ulik vanskegrad skiløparane.  Eit av dei beste toppturfjella i området Bjørsetfjellet ligg rett opp frå hyttefeltet.   Dei fleste år kan ein gå på ski til tidleg i Mai dersom ein ber skia eit lite stykke opp frå hyttene.  Ein skitur i shorts på våren der ein ser ned på grøne lier er noko av det flottaste ein kan oppleve.

Som de ser på bileta er det slett ikkje å forakte med ein laussnøtur midtvinters heller. Jølster har eit tresifra antal fjelltoppar der dei fleste kan bestigast på ski.  Hytteeigaren er veldig glad i å gå på ski og gjev gjerne råd og tips.  Sjå ellers www.skifantomet.wordpress.com og www.breogfjell.no

Alpint

På Vassenden 16 km frå hyttene ligg Jølster Skisenter som er eit av dei bedre alpinanlegg på Vestlandet. 

Ein kan og vitje Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet som ligg ca 38 km frå hyttene og Sogndal Skisenter 60 km frå Jølsterlia Hyttetun.