Fotturar

Her er mange fine stiar der ein kan gå turar oppover i fjellet. Mange går og tur på den lite trafikkerte vegen inn den 5 km lange idylliske Årdalsdalen som starter ved hyttefeltet.

Her er og fint å sykle for born og vaksne. Frå enden av Dalen er det merka sti inn i det planlagde Naustdal/ Gjengedal landskapsvernområde. På hyttene ligg turkart med oversikt over merka ruter i Jølster.

Dersom ein ønskjer å prøve ein tur på isbreen arrangerer Bre og Fjell guida turer på Haugabreen i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Sjå www.breogfjell.no