Attraksjonar

Jølster ligg sentralt plassert mellom fjordane på Vestlandet.  Mange reiser på dagsturar til kjende turistmål som Briksdalsbreen,  Geiranger og Sognefjorden.

Men minst like spennande kan det ofte være å oppsøke Jølsters eigne attraksjoner.  På sørsida av Jølstravatnet finn vi den kjende kunstmålaren Nikolai Astrup sin heim Astruptunet.  Her er det no museum og galleri. Kjøsnesfjorden har spektakauler natur og stopp gjerne på Kjøsnesbrua 10 km frå Jølsterlia eller ta av mot Søgnesand i enden av Kjøsnesfjorden ca 18 km frå hyttefeltet

På Vassenden ligg det sjarmerande Jølstramuseet som og har ein god restaurant, og på Ålhus Eikaasgalleriet.

Til Fjærland med dei to brearmane Bøyabreen og Suphellebreen er det berre 30 min å køyre. Her ligg og Norsk Bremuseum.