Andre sommaraktivitetar

Bading
I Jølstravatnet 1 km frå hyttene har vi ei eiga privat strand som er veldig barnevennleg. Ved Fremstestøylen 1 km andre vegen kjem det ned ei elv som ofte kan verte varm og god om sommaren. Her er det nokre fine kulper som ein kan bade i.

Golf
På Vassenden 15 km frå hyttene er det ei 9 hols golfbane.

Rafting
Bli gjerne med Jølster Rafting på ein spennande tur i Jølstra eller Stardalselva som begge ligg ca 15 km frå hyttene.

 

Skileik og aking

Få meter frå hyttene ligg det ein fin liten bakke som er godt egna til skileik og aking for born. Her er b.l.a ei lita kuleløype som er veldig populær.

Rundt hyttene er det ofte fint å lage snøholer og anna. Borna brukar å storkose seg i området rundt hyttene.